Styreleiar Sølvi Hagen ønskte velkommen og leia festen.

Programmet ga oss interessant innsyn i utviklinga innan opplæringa der tidlegare konservator, Bjørn Austigard, kåserte om skule og opplæring gjennom tidene medan leiar i fylkesutvalet Vofo Møre og Romsdal, Nils Gunnar Solli, ga oss innføring i voksenopplæringa fram til i dag.

Ekstra kjekt og inspirerande var det at nytilsett generalsekretær, Mats Grimsgaard, var saman med oss. Også ein fin anledning for organisasjonane å få møte han.

Styreleiar Sølvi Hagen og generalsekretær Mats Grimsgaard inspiserte jubileumskaka.Styreleiar Sølvi Hagen og generalsekretær Mats Grimsgaard inspiserte jubileumskaka.

Under middagen var det musikalsk innslag ved Silje Vierli Hagen og Kristoffer Iversen. Elles helsa generalsekretæren og dei ulike representantane frå organisasjonane jubilanten med gode ord og gåver.

Silje og kristoffer ga kulturelt påfyll.Silje og kristoffer ga kulturelt påfyll.

Etter ei fin markering av det som var, vil fylkeslaget sjå framover og jobbe vidare med å styrke opplæringa og inspirere organisasjonane til å gjennomføre og registrere endå fleire aktivitetar og kurs.