13. -14. november hadde vi i Funkis Møre og Romsdal vårt andre kurs i Kunstig intelligens (KI) i Molde. Det var deltakarrekord med 48 frammøtte.

Ørjan Valstrand losa oss gjennom kurset. Han gjekk gjennom, forklarte og demonstrerte dei forskjellige emna i KI steg for steg:

Kva KI eigenleg er, program som arbeidsverkty og korleis bruke KI i politiske saker og organisasjonsarbeid, samt korleis organisasjonane kan bruke KI systematisk.
Etter kvart steg la deltakarane inn oppgåver og prøvde ut den nye lærdommen og såg kor nyttig verktyet KI kan vere i organisasjonsarbeidet.

Leiar Astrid Berglund i Funkis Trøndelag var invitert som gjest. Ho og vår leiar Sølvi Hagen nytta anledningen til å begynne samarbeid mellom dei to fylkeslaga.
Tilslutt laga Sølvi ei meiningssky basert på deltakarane sine utsagn om kurset.
Alle foto: Funkis Møre og Romsdal.