Etter ønske frå tidlegare deltakarar inviterte Funkis Møre og Romsdal til kurs i konflikthandtering, 23.-24. oktober i Molde. 26 personer deltok.

Leiar i Funkis Møre og Romsdal, Sølvi Hagen.
Kurset begynte med at leiar Sølvi Hagen fortalde om teamrollar og deltakarane fekk klarlegge si sterkaste rolle. Eit godt team bør bestå av personar som har ulike styrkar(rollar).

Deretter tok Chriss Rune Nerland i FOKU over og i første del om kommunikasjon fekk vi kunnskap om teori knytta til følelsar, tolkning og samhandling.
Dette vart knytta til neste tema som omhandla årsaker til konflikter. Konflikttrappa synte korleis ei konflikt som ikkje vert løyst i tide, kan utvikle seg.
Språk og normer er viktige faktorar i godt samarbeid. Chriss tok også fram korleis vi bør unngå konflikter, samt korleis løyse dei dersom dei oppstår.

Ved slutten av kurset oppmoda Sølvi deltakarane om å skrive eitt ord som uttrykk for si meining om kurset. På meiningsskya vart orda lærerikt, nyttig og vellykket dei tre sterkaste.
Alle foto: Funkis Møre og Romsdal.